Kvinnelege handverkarer fra en minoritet til en normalitet

Kvinnelege handverkarar – frå ein minoritet til en normalitet!

 

Manglane fagutdanning er eit stadig større problem for norske bedrifter og i følgje SSB vil vi mangle 125000 yrkesfagarbeidarar, der 50 000 av desse vil tilhøyra byggebransjen. Dette er ei skremmande utvikling og EL og IT forbundet må ta grep om utviklinga.Samfunnet er i endring og ei Norstat-undersøking for Nelfo i 2016 visar at sju av ti nordmenn meina yrkesfag har lav status.

 

I 2015 var elektrofag det nest mest populære yrkesfaget med 6700 søkjarar.

Dessverre ser vi atsøkjartala går ned. Kven må ein satse på når det snur, jo ein del av svaret erå rekruttere jenter ved å gjere faget attraktivt og betre tilrettelagt forjenter.

 

Rådgivingstenesta er fordårleg. Skulebesøk for 9. og 10. klassar vil vere ein god moglegheit for å visefram faget. Vidare kan ein invitera med seg jenter som er interessert tilbedriftsbesøk kor ein kan sjå kva yrket dreiar seg om. Det er viktig å veretilstade på yrkesmesser og snakke med jenter som kan snakke med jenter. Jente15 år, på yrkesmesse, legg ikkje alltid ut om framtidsplanane til mann 52 år,men til jentelærling på 19 år er det ein betydelig større sjanse å nå inn medbåde bodskap og den gode samtalen om framtida. Gode opplysande flyers ogbrosjyrar som visar jenter i arbeid, moglegheiter og yrkesvei er til god hjelppå stand. Vi rekruttera ved å vere der ungdommar er og inspirerer til å tørre ågjere noko ikkje alle andre gjer.

 

Når jentene har valtelektrofag så kjem punktet å få dei vidare i lærebedrift. Her må bedriftenevere frampå både ved utplasseringsveker og når elevane har bedriftsbesøk.

Ein stor utfordring i dag, erat det er ubalanse mellom antal læreplassar og ungdom som vil utdanne seginnanfor elektrofaget. Her har bransjen ein jobb å gjera med å få fleire somønsker det ut i lære. Ungdommen kjem til å ta andre utdanningsval framover omdet er mange som ikkje får læreplass, og mangelen vil bli enda større iframtida.

 

Som tillitsvalt kan du viseat det er tilrettelagt med eigne toalett og garderobar, jobbar det andre jenteri bedrifta så set desse i kontakt med kvarandre. Vi veit fråfallet er stort.Det er viktig å lage trygge fora for jentene. Samlingar som for eksempel pizzakveldar i regi av fagforeiningar er gode tiltak. Her får jenter møte andrejenter innan faget, og kan dele erfaringar på godt og vondt og det gir einlågare terskel for å ta kontakt med andre ved seinare anledningar. Dette girgrobotn for ein tryggare arbeidskvardag der ein veit at ein ikkje er åleine.

Tryggleik og trivsel erviktig for å bli i faget, og ikkje minst viktig for å kome tilbake ettersvangerskap. God tilrettelegging, bedrifter som ser fagarbeidaren og ikkjeberre ein voksande mage er gull verdt når ein seinare skal tilbake til yrketetter permisjonstida. Det handlar om å være ønska og ikkje bli sett på somkravstor og eit problem. Det å bli møtt med tilpassa arbeidstid i ein periode med amming, barnehagelevering og henting er ein stor og viktig faktor for åbehalde kvinnene i både faget og yrkeslivet i ein travel kvardag. Her må vivere flinke til å opplyse montørar og bedrifter om moglegheitene som ligg pr.dags dato.

Rollemodellar ogmentorordning, gjerne styrt frå fylket og opplæringskontora, er viktige momentsom vi må løfte opp og jobbe meir med vidare, også på tvers av yrkesgruppeneinnanfor byggenæringa. Her må vi betre samarbeidet mellom forbunda i typiskmannsdominerte yrker skal vi klare å auke kvinneandelen.

Garderobeforholda må og skalvære tilrettelagt for kvinner. Dette er noko som MÅ på plass skal einrekruttere kvinner til bransjen vår. Det er ei skam at vi i 2019 fortsatt må løfte fram dette punktet. La 2020 bli året vi kan leggje den ballen død og sjå ein vekst i kvinnelege handverkarar rundt om i Noregs land – frå ein minoritet til en normalitet!

Mer info